Hafsås vann igjen
Postet av Olden IL den 13. Sep 2009
Laurdag vann Helge Hafsås Stemshaug maraton i Aure på Nordmøre for sjette gong på rad. Under dårlege tilhøve med regn og vind kom han inn på 2.52.10. Inge Asbørn Haugen, Hornindal var fornøgd med å vere under timen bak med tida 3.49.36. Dette var Helge sin 4. siger på kort tid. På 4 helgar har han no blitt norsk meister på 6-timersløp og vunne Nordvest maraton, Trondheim maraton og Stemshaug maraton. Imponerande, men det er gjort før. Det var han sjølv som stod for nøyaktig den same bragden i 2007. Den gongen var det ikkje offisielt NM i 6-timersløp på Eidsvoll, men til gjengjeld sette han då nordisk rekord for så på 3 helgar å vinne akkurat dei same maratonløpa som i år.
Sjå elles reportasje på kondis.no
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024