BASAR 12.NOVEMBER
Postet av Olden IL den 6. Nov 2017

Vi minner om Olden IL sin tradisjonelle basar som går av stabelen førstkomande søndag kl 15:00 i Aldaheim. Midtvegs i basaren blir det ein pause med servering av kaffi/saft, kaker og påsmurt. Det blir også premiering av fjelltrimmen ila av arrangementet.
Vi gjentek samtidig oppmodinga til alle medlemmer og deltakarar om å levere 2 stk. åregevinstar pr familie/husstand. Dette kan gjerast direkte i Aldaheim søndag mellom kl 11.00 og 13.00. Alternativt kan gevinstane leverast på Bunnpris ila denne veka, dersom det høver betre. Lever då før laurdag kl 1700.
FOR DEI SOM ER I KOMITE:
Det har av ulike årsaker blitt endringar i nokre av komiteane. Ajourførte komitelister finn de i linken under. Vi håper at alle stiller opp.
NB: EKSTRA OPPGÅVE FOR PYNTEKOMITE: Pyntekomite må sørge for at mikrofon/lydanlegg er oppmontert.
Det kan være andre oppgåver som ikkje var nemde i innkalling som vi i hovedkomiteen rett og slett ikkje kom på, eller visste måtte gjerast. Vi håper difor at alle har ei positiv innstilling til å hjelpe til dersom det skulle dukke opp arbeid som må gjerast, men som ingen har fått «ansvar» for ifølge innkallinga.
Velkomne, og på førehand takk for innsatsen.
-HOVEDKOMITEEN-
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024