Jonas Henden Drageset har nyleg delteke på 4 FIS renn.
Postet av Olden IL den 11. Apr 2018
Jonas Henden Drageset har nyleg delteke på 4 FIS renn, Slalom og storslalom 4.-8.april i den såkalte "Vestlandsrunden." SL vart gjennomført i Jølster Skisenter og SSL på Voss, Bavallen.
Jonas oppnådde resultat der han fekk punktforbedring, med ein 19.pl. og 33.pl. i SL. Der var rundt 70 startande i herreklassen. På SSL i Bavallen fekk han ein 41. pl og 30. pl. Der var 85 startande. Jonas viser framgang også i dei tekniske disiplinane. Han hadde ein veldig god 2.omg. søndagen, der han ikkje er langt unna dei aller beste. Til helga har han prioritert Grotlirenna, Super -G og KM i Utfor. Det er heilt klart, guten likar fart !For så å avslutte sesongen 17/18 i Hemsedal med
4 renn, 2 SL og 2 SG. Vi ynskjer han lukke til !
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024