Olden IL arrangerer tur over Oldeskaret laurdag 24. august.
Postet av Olden IL den 19. Aug 2013
Laurdag 24. august arrangerer fjelltrimgruppa i Olden IL fellestur over Oldeskaret. Turen startar frå Melkevoll camping kl. 09.00 og går til Haugastøylen i Stardalen.
Ein må rekne med at turen tek 5-6 timar. Noko bratt oppstigning, med kjettingar til å halde seg i på dei vanskelegaste partia. Når ein kjem opp i skaret, er det lett og fint terreng ned til Haugastøylen. Flott utsikt til Briksdalsbreen og Oldedalen på veg opp. Eignar seg til familietur.
Dersom vi skal organisere skyss tilbake, treng vi påmelding, elles må kvar einskild ordne returtransport sjølve.
Påmelding innan torsdag 22. august. Oddbjørg M. Tonning 97497886
Olden IL - fjelltrimgruppa
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Sakliste årsmøte 24.03.26
17.03.2026
SKØYTELØP 2026
17.02.2026
Innkalling årsmøte 24.03.26
20.01.2026
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025