Nasjonalt opningsstemne i Hyen.
Postet av Olden IL den 26. Jul 2013
Tre frå Olden deltok på det nasjonale opningsstemnet i Hyen onsdag 24. juli. Hyen har fått til eit fantastisk flott friidrettsanlegg. Det flotte sommarveret skapte og ei fin ramme rundt stemnet. Matias Melheim deltok i 4 øvingar, men var dessverre einaste deltakar i 14-årsklassen. Uansett vart det ny pers på 100m med 13.40. Han prøvde seg og på 400m for første gong og kom inn på ca. 64 sek. Vi har ikkje fått resultata frå stemnet. Jannike Melheim (12) deltok i kule i klasse 13 år og fekk beste resultat her.
Helge Hafsås prøvde seg på bane for første gong på svært lenge. 10.17 på 3000m i klasse 45-49 år, bør han vere godt fornøgd med. Ei fin fartsøkt før Hornindalsvatnet maraton førstkomande laurdag.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Sakliste årsmøte 24.03.26
17.03.2026
SKØYTELØP 2026
17.02.2026
Innkalling årsmøte 24.03.26
20.01.2026
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025