Vindfull, men flott Oldestafett.
Postet av Olden IL den 28. Apr 2013
31 lag deltok i hovudstafetten og 7 lag i ministafetten i den 59. Oldestafetten søndag 28. april. Bortsett frå til dels hard vind, var det bra ver under arrangementet som også i år vart godt avvikla av Olden IL. Ordførar i Stryn, Sven Flo, heldt ein fin appell før dei minste gjennomførde sin ministafett på idrettsplassen. I hovudstafetten imponerte Hornindal stort og vann både jente- og guteklasssen. Klassevinnarar elles vart Jølster (senior herrer og veteran), GFIL (damer) og Flåten/Muri (open klasse).
Dei 3 gutelaga til Olden plasserte seg som nr. 4, 8 og 13 av 14 deltakande lag. Alle laga sprang raskare enn ifjor. Jentene vart nr. 6 av 8 lag. Veteranane våre måtte i år sjå seg slått av Jølster etter å ha vore oppe i leiinga fleire gongar i løpet av stafetten. I open klasse sikra 4 blad Flåten + Anders Muri seg ein solid siger. Dei fabelaktige fem var ikkje fullt så fabelaktige som før og måtte sjå seg grundig slått denne gongen.
Gutar : 1. Hornindal 6.02.1, 2. STIL 6.09.8 3. Hyen 6.10.8 4. Olden 6.17 5.Brodd 6.21 6. Markane 6.21.5 7. Hornindal 2 6.23 8. Olden 2 6.26 9. STIL 2 6.36 10. Jølster 6.41 11. Breimsbygda 6.42 12. Markane 2 7.12 13. Olden 3 7.19 14. Stryn 8.02
Jenter : 1. Hornindal 6.45.4 2. STIL 6.51.7 3. Jølster 7.07.7 4. Brodd 7.11 5. Breimsbygda 7.23 6. Olden 7.36 7. Stryn 8.13 8. Stryn 2 8.27
Damer : 1. GFIL 8.51.4 2. Jølster 9.53
Herrer : 1. Jølster 9.06.5 2. GFIL 9.24.0
Veteran : 1. Jølster 8.17.4 2. Olden 8.20.4
Open klasse : 1. Flåten/Muri 9.15 2. Fabelaktige 5 9.49 3. Skiskyttarmødrene 10.49
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024