Klasseinndeling i fjelltrimmen.
Postet av Olden IL den 24. Mar 2013
Frå og med i år vert det no klasseinndeling i fjelltrimmen.
Knøttetrim : Til og med 10 år (dvs. t.o.m. dei som er fødde i 2003)
Juniortrim : Frå og med 11 år til og med 16 år (dvs. fødd 2002-1997)
Vaksentrim : Frå og med 17 år (f. 1996) og eldre.
Alle som er 16 år og yngre må hugse å skrive alder bak namnet i bøkene !
Alle gjennomførde turar frå 1/10-12 vil bli rekna med. Premieutdeling på idrettslagsbasaren. Vi håpar at dette vil stimulere den yngre garde til å kome seg meir ut i naturen og få verdfull trening. Fjelltrimgruppa vil også ta opp igen tradisjonen med guida turar. Dette kjem vil tilbake til.
Elles kan vi nemne at kampen om samanlagtsigeren i vaksentrimmen 2012/13 ser ut til å bli ein kamp mellom fjellkongen Kjell Bjarne Sunde og maratonkongen Helge Hafsås.
Fjelltrimgruppa
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024