Gode tilhøve i skiløypene.
Postet av Olden IL den 7. Feb 2013

Det er køyrt opp løyper på bøane på Muri og Brynestad (ca. 3,5 km) og i skogsvegane på Muri og Auflem. Foreløpig er det kun køyrt klassiske løyper. Løypene nede i bygda går frå Olden skule. I skogsvegane er det løype til Avleiåsen. Det er og køyrt mot Murihammaren og delevis i vegen ovanfor Skarpelida. Første delen av skogsvegane er brøyta, men går du eit stykke vidare vil du finne fine skiløyper. Ver elles ops på skogsdrifta !
No treng du ikkje køyre til Ullsheim for å gå på ski. Bruk løypene til Olden IL og spar både tid og miljøet ! Vert det for kaldt nede i bygda, kan vi opplyse at det i klarver er fleire grader mildare oppe i skogsvegane. Den kalde lufta søkk som kjent ned.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024