Statistikk for Helge Hafsås
Postet av Olden IL den 9. Okt 2012
Alle statistikkar for Helge Hafsås sine prestasjonar er no oppdaterte (pr. 07.10.12). Du finn dei under Helge Hafsås i menyen til venstre.
Ei lta oppsummering : Helge har no sprunge 200 maratonløp og vunne heile 150 av dei. Han er dermed den løparan i verda som har vunne flest maratonløp. Rett nok har 3 damer vunne fleire løp, men på så dårlege tider at vi ikkje kan ta damestatistikken heilt seriøst. Helge har vunne 18 ulike maratonløp rundt omkring i Noreg. Han har gjeldande løyperekord i 9 av desse løpa. Han har 42 maratonløp under 2.35 og 97 (inkl. maratonpassering på ultraløp) under 2.40. (Nokon betre ?). Vidare har Helge 3 offisielle NM-titlar i ultraløp, to på 100km og ein i 6t-løp. Han har framleis den offisielle norske rekorden på 100 km (6.50.15) og verdsrekorden på 50 km på tredemølle med tida 3.10.19. For meir opplysningar sjå dei ferske statistikkane !
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024