Tre løyperekordar på Skarsteinsetra Opp
Postet av Olden IL den 8. Sep 2012
Trass i dårleg ver, med vind og regn, vart det sett tre nye løyperekordar på Skarsteinsetra Opp i dag. Først på setra var Erlend Eide, Eidsfossen Sykkel. Han sykla den 4,6 km lange traseen på fantastiske 19.10. Han knuste dermed faren, Dag Arne Eide, si vinnartid frå i fjor med nesten 3 min. Det vart og sykkelrekord i dameklassen. Janne Bruhn Henriksen, Stryn Sykkelklubb, fekk her den gode tida 25.54. Blant løparane vart det ikkje uventa ein ny siger til Helge Hafsås. Han sletta sin eigen rekord frå i fjor med 49 sek. og kom inn på tida 22.40. Beste dame vart ein sprek 74-åring frå Lørenskog, Signy Henden Rustlie. Vi kjem tilbake med meir stoff og bilete. Bileta vert forsinka p.g.a. dataproblem.
37 stilte i konkurranseklassane, 26 på sykkel og 11 på løp. Arrangøren er godt fornøgd med deltakinga i sykkelklassen. Her stilte Eidsfossen Sykkel åleine med heile 9 utøvarar. Men det er skuffande at berre 11 stilte opp i løpsklassen. Skuffande er det og at totalt berre 3 damer stilte til start.
Derimot var det flott at heile 83 trimmarar tok turen til Skarsteinsetra i det dårlege veret.
Bilder (Foto : Hildegunn Muri, Reidar Holen og Alfhild Flåten.)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024