7 KM-medaljar til Olden
Postet av Olden IL den 19. Aug 2012
I helga var det KM og krinsleikar i friidrett på Byrkjelo stadion. Fire frå Olden deltok i KM og fire i krinsleikane (10-12 år). Olden vart krinsmeister på 4x60m stafett for 13-14 år. På dei neste plassane følgde Breimsbygda og Sandane. Vinnarlaget bestod av Rafael Gildestad, Sondre L. Galtung, Per William Hoddevik og Matias Melheim. Sist vi vart krinsmeistrar på denne stafetten var i 2007.
Matias Melheim (13) tok sølv på 60m, berre 1/10 frå gull. Rafael vart her nr. 4, 5/100 frå bronse. Elles tok Rafael bronse i lengde på ny flott pers. Per William (14) tok gull på 600m og sølv på 60m. Sondre L. Galtung tok sølv i spyd og i lengde. På krinsleikane deltok Steffen Melheim, Jannike Melheim, Kari Alsaker og Lars Martin Melheim. Alle gjorde det flott og sette fleire nye personlege rekordar på 60m, i lengde, liten ball og på 600m.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024
