Skarsteinsetra opp laurdag 8. september
Postet av Olden IL den 14. Jul 2012
I menyen til venstre finn du innbydinga og dessutan resultat og bilete frå fjorårets arrangement. Arrangementet følgjer malen frå i fjor med fellesstart for løparar og syklistar. Eit av dei store spenningsmomenta i løpet er om det er syklist eller løpar som kjem først opp på Skarsteinsetra. I fjor var Dag Arne Eide på sykkel 1.27 min. føre Helge Hafsås. I dameklassen sykla Anne Britt Eide 1.34 min. raskare enn Solbjørg Vedde.
Nytt av året er at det er sett opp kr. 2000,- for løyperekordar. Det vil og bli teke mellomtid på Gildestad. Trimmarar kan i år få lov å sykle eller kombinere sykkel med gåing/løping. Dvs. at ein i trimklassen f.eks. kan sykle til Gildestad og gå resten av strekninga.
Påmelding :
Førehandspåmelding i konkurranseklassane innan 27. august. Til Hans-Petter Galtung tlf. 904 18 186, men helst skriftleg til hans.petter.galtung@sfj.no. Løparar kan og melde seg på via www.sportsadmin.no (klubbvis) eller www.minidrett.no (utøvarar enkeltvis)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024