8 friidrettsmedaljar til oldarane i Førde
Postet av Olden IL den 11. Jun 2012
Dei 7 frå Olden viste fin framgang på Åsen & Øvrelidleikane i Førde søndag 10.juni. Det var gode tilhøve i starten, men eit voldsomt regnver eit stykke ut i stemnet førte til utsetjing og gjennomblaute utøvarar. Jannike Melheim (11) vann kule og vart nr. 3 på 60m. Per William Hoddevik (14) fekk best tid på 600m og vart nr. 3 på 60m. Blant 13 -åringane vart Rafael Gildestad nr. 2 på 60m og nr. 3 i lengde. Jens Guddal Muri tok bronse i kule. Matias Melheim vart i same klasse nr. 4 på 60m av 11 deltakarar. Sondre L. Galtung (14) fekk sølv i lengde. I klasse 11 år vart Martin Beines nr. 4 av 11 deltakarar i kule.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024