Hafsås uheldig på Jessheim.
Postet av Olden IL den 23. Nov 2011
Helge Hafsås låg an til å ta sin 3 siger på rad i Jessheim vintermaraton, då han sprang feil nokre få km før mål. Han måtte dermed ta til takke med 5. beste tid på 3.05.28. Etter 34 km leia Helge med 4 min og såg ut til å gå mot ein klar siger. Vinnartda vart 2.49.59. Utan feilspringinga er det rimeleg å anta at Hafsås ville enda på ca. 2.45. Så langt i år har Helge vunne 6 maratonløp, men dessverre vart det ikkje den sjuande denne gongen.
Hafsås står no bokført med 143 sigrar på maratondistansen og er framleis den mannen i verda som har vunne flest maratonløp. Men Chuck Engle frå Ohio i USA nærmar seg no bakfrå. Engle har 130 sigrar totalt og har vunne 29 !!! maratonløp så langt i år. Til samanlikning kan vi nemne at Hafsås på det meste har vunne 14 maratonløp i løpet av eitt år (2005 og 2006). Engle er fødd i 1971 og dermed 5 år yngre enn Helge. Ingen andre er i nærleiken av desse to. Mannen på 3. plass har "kun" 56 sigrar. Kanskje vi skulle prøve å få til eit meistermøte mellom Helge og Chuck ?
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024