Løpskarusellen
Postet av Olden IL den 30. Sep 2011
Vi avsluttar friidrettssesongen med eit ekstra løp i løpskarusellen tysdag 4. oktober kl. 18.00. Møt opp ved Olden skule. Påmelding ved start. Vi sjekkar haustforma og ser om nokon kan forbetre tidene sine frå i vår eller frå i fjor. Løpet er opent for alle. Du treng ikkje ha delteke på tidlegare løp eller ha vore med på friiidrettstreningar for å stille opp.
Vi tek etter dette ein pause på ca. ein månad.Førebuingane til neste sesong vil starte opp igjen i november for dei som er 12 år og eldre neste sesong (fødde i 2000 eller før). Desse treningane vil bli relativt spesifikke. Dvs, retta mot å bli betre i friidrett. Dei yngste får tilbod om trening etter jul. Her vil det bli meir leikprega trening. For dei som startar i nov. vert det ein kombinasjon av løpstrening ute og trening i gymsalen. Kor mange offisielle treningar vi skal legge opp til vil vere avhengig av eit utøvar/foreldremøte vi skal ha før oppstarten til ein ny sesong. Skal vi få framgang resultatmessig må det trenast. Vi er elles heilt avhengige av at foreldre/føresette viser interesse. Treninga vi gjennomfører vil ha positiv effekt også for den som driv med andre idrettar. Vi kjem tilbake med aktuelle tidspunkt.
Det er nok av friidrettstalent i Olden. Spørsmålet er om dei er villige til å utvikle talentet gjennom trening. Dersom svaret er ja, vil friidrettsgruppa syte for den hjelp som trengst.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024