Vellukka avslutningsfest.
Postet av Olden IL den 1. Des 2010
Ca. 50 unge hadde møtt opp på avslutningsfesten for fotball og friidrett på kroa. I tillegg kom ein del vaksne. Alle som hadde delteke på fotball og/eller friidrettsaktivitetane i løpet av sesongen fekk flotte premiar. Bjarte Haugen hadde sett saman eit flott bildeshow med tilbakeblikk på 2010-sesongen. Hans-Petter Galtung stod for sportsquiz. Vinnarar her vart "Bedrevitarane" Knut og Kari Alsaker, Rasmus E. Skarstein, Sondre Guddal Muri og Harald Andre Ljosdal Galtung. Kun 1 poeng bak følgde "Team Casino" med Jonas H. Drageset, Tony Haugen, Olav Egset og Odd Sindre Tonning. Dei vaksne måtte ta til takke med 3. plassen. 9 lag deltok. Quizen viste at mange av dei unge er svært godt orientert i sportsverda. I pausen vart det servert pizza og brus. Leiar i Olden IL og vert Per Muri, stod for utdeling av gåvekort til trenarane i fotball og friidrett. No er det berre å legge seg i trening framfor 2011-sesongen.
Bjarte har lagt ut mange fine bilete frå avslutningsfesten under bilder på fotballsida. Sjå link til fotballen i Olden i menyen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024