Lagsmeisterskap i friidrett i Hornindal søndag 29.aug
Postet av Olden IL den 26. Aug 2010
Det har vore dårleg med stemnetilbod i friidrett denne hausten. Men Hornindal IL inviterer no til eit utvida lagsmeisterskap på Hornindal stadion søndag 29. august. Hornindal, Oppstryn, Vikane og Olden vil samarbeide om arrangementet.
Påmelding ved frammøte i Hornindal kl. 14.30. Stemnestart kl. 15.00. Tidspunktet er sett så seint fordi Hornindal denne dagen også arrangerer miniturnering i fotball. Dei som er med her kan no få prøve seg på nokre friidrettsøvingar etter fotballen.
Aldersgruppe frå 8 år og oppover. Ingen startkontingent. Olden vil premiere sine utøvarar på avslutningsfesten i Aldaheim. Øvingar : 60m/100m, lengde, høgde, liten ball, spyd, kule, 600m/800m.
Dei som treng transport må ta kontakt med Hans-Petter på førehand. Tlf. 41530792. Avreise frå Ica kl. 13.30
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024