Flott Olden-innsats på Sandane
Postet av Olden IL den 7. Jun 2010
Omlag 90 utøvarar deltok i regionsleikane på Sandane på søndag. Det var strålande forhold, men litt skuffande at berre 4 frå Olden prioriterte å vere med på dette flotte rekrutteringsstemnet. Men dei som var med frå Olden gjorde ein flott innsats. Dei konkurrerte i øvingane 60m, lengde og liten ball. Sondre L. Galtung vann alle øvingane i 12-årsklassa. I klasse 10 år vann Olav Egset 60m, fekk delt 1. plass i lengde og vart nr. 2 i liten ball. Blant 11-åringane oppnådde Rafael Gildestad den beste plasseringa på 60m med ein 4, plass. I same øving vart Matias Melheim nr.5 av 9 deltakarar. På 4x60m stafett vann Olden sitt heat klart og vart totalt nr. 2 av i alt 21 lag, kun 1/10 sek. bak Brodd. Dei 4 gutane forsvarte dermed Olden sine sterke stafett-tradisjonar. For fullstendig resultatliste sjå heimesida til Fjellhug/Vereide !
Komande laurdag er det klart for YIT-leikane i Førde. Dette stemnet er for alle i alderen 8-22 år. Sjå innbyding under info. frå friiidrettsgruppa annan stad på nettsida ! Vi håpar at fleire frå Olden då vil nytte sjansen til å prøve seg i eit stemne før sommarferien.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024