Flott Breimstafett med to klassesigrar til Olden
Postet av Olden IL den 2. Mai 2010
Det vart ein flott stafettdag på Reed i dag. Fint ver, tørre løyper og to klassesigrar til Olden. I opa klasse vart det siger for 3. året på rad, knappe 7 sek føre Breimsbygda. Tida var kun 3/10 sek. svakare enn i fjor. Ny på laget i år var Ingrid Fjellestad. Ho sprang ein god etappe og viste sporty innstilling ved å stille opp på kort varsel. Veteranlaget gjorde og jobben og vann klart føre Jølster. Dette var Olden sin 5. siger i veteranklassa på Breim. Vi fekk og revansj over Jølster etter nederlaget på Oldestafetten. Imidlertid hadde Jølster sitt lag i superveteran-klassa betre tid. Det svært unge gutelaget vårt greidde å unngå sisteplassen og sprang på ei tid som var 7 sek betre enn ifjor. Laget kjem nok til å markere seg langt sterkare allereie neste år. Anders Muri kom seg ikkje til finalen i kraftprøva. I kvalifiseringsheatet fekk han ein dårleg start, men kom sterkt på slutten. Det måtte målfoto til for å avgjere finaleplassen. Finalen vart vunnen av Ørjan Midthjell. Vi kjem tilbake med meir stoff og bilete frå Breimstafetten seinare.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024