Hafsås tok laurdag sin 129. maratonsiger
Postet av Olden IL den 24. Apr 2010
Som venta var det ingen som kunne hindre Helge Hafsås i å ta sin 11. siger i maratonløpet "Rett Vest" i Florø og dermed hans 129. maratonsiger totalt. Det var motvind og låg temperatur under løpet frå Grøndalen til Florø. Helge si tid vart 2.46.47. Nærast kom Audun Skogen frå Innvik som med tida 2.49.52 kun var vel 2 min. bak Helge. Begge spring i klasse 40-44 år. Desse to var dei einaste som kom under 3-timers grensa. Vi får elles håpe at maratonkongen har litt krefter igjen til Oldestafetten på søndag.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Sakliste årsmøte 24.03.26
17.03.2026
SKØYTELØP 2026
17.02.2026
Innkalling årsmøte 24.03.26
20.01.2026
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025