Meir om NM i Bergen
Postet av Olden IL den 12. Apr 2010
Vi kan nemne at Helge passerte maraton på 2.42.51. Dette er faktisk den beste tida han har på distansen så langt i år. På siste delen av løpet gjekk km-tidene ganske mykje opp. Anna var vel heller ikkje å vente etter ei så hard opning. Uansett stod Helge distansen ut også denne gongen og vann med stor margin (tid : 7.17.21). Dette var hans 6. siger på 100 km i Bergen på rad sidan 2005. Audun Skogen vart nr. 4 i løpet på 8.14.13. Inge Asbjørn Haugen fullførte på 10.49.27. Sidan maratonpasseringa også vert godkjent som eit maratonløp, var dette Haugen sitt løp nr. 380 ! Imponerande ! Så vidt vi veit har han som mål å springe sin maraton nr. 400 i løpet av 2010. Ingen i Norge er i nærleiken av å ha gjennomført så mange løp. Neste mann på lista er Bjørn Gjerde med 326. I alt 67 norske løparar har passert 100 maratonløp. Helge Hafsås har registrert 170.
Neste oppgåver for Hafsås er maratonløpet Rett Vest i Florø 24.april og Oldestafetten dagen etter.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024