Aktivitetsområde på Oldeleirane
Postet av Olden IL den 23. Jan 2010
Olden IL har enno ikkje gjeve opp kampen om det gjenståande området på Oldeleirane. Idrettslaget har i lang tid prøvd å få omregulert område på Oldeleirane til idretts- og aktivitetsføremål. Så langt har Stryn kommune vist lita forståing for Olden IL sine behov for areal til idrettsanlegg. Olden IL meinar at det attraktive området vest for musikkpaviljongen må omregulerast til friareal til beste for dei som bur i bygda. Her må felles interesser gå føre private interesser. Olden IL kan bidra til å gjere dette til eit flott område både for bygdefolk og turistar. Det er på tide at også dei som bestemmer i Stryn kommune evnar å tenkje på litt lenger sikt. Kva med å lære litt av andre kommunar som set fellesskapsverdiar høgt når det gjeld arealdisponering.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Sakliste årsmøte 24.03.26
17.03.2026
SKØYTELØP 2026
17.02.2026
Innkalling årsmøte 24.03.26
20.01.2026
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025