Gode resultat av Anders Muri på Veidekke-leikane
Postet av Olden IL den 20. Jun 2009
Trass i skadeproblem har Anders Muri oppnådd veldig gode resultat på Veidekke-leikane på Lillehammer denne helga. Fredag sprang han 200 m på 24.73. Dette heldt til ein fin 5. plass. Vinnartida var 23.34. I dag oppnådde Anders ein flott 3. plass i lengde med 5.78. Dette er personleg rekord utandørs (har 5.85 innandørs). Andreas Christiansen , frå Fredrikstad IF, vann med 6.04. Det var relativt sterk motvind under konkurransen. På 400 m oppnådde Anders 8. plass på tida 55.87. Vinnartida her var 52.32. I morgon er det klart for 100 m. Målet for Anders her bør vere å klare finaleplass. Vi gratulerer Anders med flott innsats så langt på Veidekke-leikane som er eit av dei viktigaste stemna for yngre utøvarar i Norge.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024