Olden vann opa klasse på Breimstafetten
Postet av Olden IL den 3. Mai 2009
I år som i fjor gjekk Olden til topps i opa klasse på Breim. Vi var ca. 3,5 sek. føre Florø i mål. På tredjepass følgde Breimsbygda sitt 1. lag. Laget vårt som kun bestod av 16- og 17-åringar: Harald Andre L. Galtung, Lillian Eide, Ole Myklebust, Sondre Guddal Muri, Hildegunn Mykløen og Anders Muri. Etter 5 etappar veksla vi som nr. 4, men med ekspressen Anders Muri på siste etappe, var det aldri tvil om kvar sigeren ville hamne. Tida i år var 6/10 svakare enn i fjor.
Det svært unge gutelaget vårt vart i år nr. 10 av i alt 11 lag.
Tida for gutelaget var omlag som i fjor. Her sprang : Anders Egset, Sondre L. Galtung, Jens Guddal Muri, Mons Eirik Vangberg, Asgeir Flåten, Andreas Løken, Rasmus Skarstein og Odd Sindre Tonning. Laget hadde heile 9 år til gode på samla alder. Innsatsen tyder på at her har vi noko å byggje på i åra som kjem.
Dessverre greidde vi ikkje å stille med veteranlag i år, men vi er sikre på at veteranane kjem sterkare tilbake på neste Breimstafett.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024