Flott Oldestafett med to nye løyperekordar
Postet av Olden IL den 26. Apr 2009
|
Hyen vart det store laget på Oldestafetten i år. Både i gute- og herreklasse vann dei suverent på nye fantastiske løyperekordar. I herreklassa sprang hyarane (GFIL) på 8.27.3 og knuste dermed den gamle rekorden som GFIL sette i 1992 på 8.37,7. I guteklassa vart det og solid løyperekord. Tida 5.42.4 var 7,4 sek. betre enn den gamle rekorden til Jølster frå 2005. Førde vart her nr. 2 og Olden 1 nr. 3. Også Førde sprang under den gamle løyperekorden. Olden var suverene i veteranklassa. Jenteklassa vart vunnen av STIL. Fjellhug/Vereide-STIL vann dameklassa og i open klasse gjorde Bruspulverguttene ein flott stafettinnsats. |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024