Helge Hafsås nr. 4 i maraton -NM
Postet av Olden IL den 7. Jul 2008
NM på maraton var i år lagt inn i Jølster maraton som vart avvikla sist laurdag. Trass i problem med overbelasta muskulatur greidde Hafsås å bli nr. 4 totalt og dessutan vinne klasse 40-44 år. Tida 2.47.27 er årsbeste og må seiast å vere eit steg i rett retning sidan det var veldig varmt for maratonløp denne laurdagen. Vinnar vart Henrik Sandstad, Steinkjer med 2.28.36. Einar Strand vann halvmaraton i klasse 50-54 år på tida 1.35.22. Som vanleg tok Helge leiinga frå start, men måtte sleppe etter ca. 5 km. Han passerte halvmaraton på ca. 1.20. Det var lenge usikkert om kongen av Jølster maraton, med heile 10 sigrar, i det heile teke kunne stille opp denne gongen. Men som den pliktoppfyllande løparen Helge er, fann han ut at han ikkje kunne svikte når NM skulle gå nesten på heimebane.
I kvinneklassa vart det gull til Sogn og Fjordane. Audhild Hestad frå Gaular kom for første gong under 3 timar og vann på tida 2.57.25
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024