Gode resultat på seriestemne i friidrett.
Postet av Olden IL den 2. Apr 2008
Det var stor innsats og mange gode resultat då det andre lagsstemnet i friidrett vart avvikla i Olden skule måndag 31. mars. Alle aldersgrupper fekk prøve seg i kulestøt, medan dei eldste også fekk høve til å delta i stille lengde og stille tresteg. Også denne gongen vart det oppnådd fleire resultat på godt nasjonalt nivå.
I stille tresteg kom både Sondre Guddal Muri og Anders Muri over 7m. Anders sitt lengste hopp målte 7.84. Dette er foreløpig det neste beste resultatet i Norge i år, 29 cm bak 1. plassen. Med 7.08 er Sondre nr. 5 på statistikken i denne øvinga.
Ole Myklebust forbetra seg kraftig i kule. Han støytte 4 kg-kula 10.80, noko som held til ei plassering blant dei 10 beste på norgesstatistikken. Erik Sunde (13) oppnådde 8.95 med 3kg-kule. Dette held til ein 13 plass på den nasjonale statistikken. Også 11-åringen Lars Marius Gjertsen Kveen viste god kuleform framfor Strynehalleikane på laurdag. Jentene som deltok viste og fin framgang både i hopp utan tilløp og i kule.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024