Helga Skarstein tok KM-gull i Super G
Postet av Olden IL den 21. Feb 2008
Sist laurdag gjekk Helga Skarstein heilt til topps i klasse 12-13 år då KM i super G vart avvikla på Harpefossen. Ho vann føre to jenter frå Sogndal. Grunna dårlege vermeldingar for søndagen vart det køyrt to super G renn denne laurdagen. Helga vann også renn nr. 2 som var eit kvalifiseringsrenn. Olden IL gratulerer Helga med KM-tittelen. Broren Rasmus Skarstein vart nr. 2 i klasse 11 år i begge renna. I same klasse vart Mathias Fjellestad nr. 6 i KM-rennet. Alpingruppa i Olden IL har dei siste åra bygd opp eit nytt alpinmiljø i Olden. Olden IL har tradisjonar i alpint og det er kjekt å sjå at vi på nytt har fått utøvarar som kan hevde seg i denne idretten. Også fleire oldarar enn dei vi har nemnt frå renna på Harpefossen, har hevda seg fint i renn så langt denne sesongen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024