Bestemannspremiar til Anders Muri på YIT-leikane
Postet av Olden IL den 21. Jan 2008
Anders Muri (15) imponerte på YIT-leikane i Førdehuset søndag 20.januar. Han fekk bestemannspremien for beste guteresultat (13-18 år) både i løp (60m) og hopp (lengde). Anders ser dermed ut til å halde fram der han slapp i fjor. Han vann 3 øvingar, 60m, lengde og 400m. I lengde fekk han opp eit sprang på heile 5.85. På 60m vart tida 7.81 og på 400m 60.0. Alle resultata er personlege rekordar innandørs. Dette lovar bra framfor ungdomsmeisterskapen, 15-22 år, i Drammenshallen 1-3. feb. La oss håpe at Drammenshallen vert same lukke-arenaen for Anders som det har vore for det norske herre-landslaget i handball.
Det var få oldarar med denne gongen. I tillegg til Anders deltok Terese Auflem Tenden (14) i lengde og kule.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024