Idrettslagsbasar i Olden
Postet av Olden IL den 19. Nov 2007
|
|
Olden idrettslag arrangerte basar i Aldaheim søndag 11. november. Oppmøtet var godt og vinnarlykka stor. Laget fekk inn heile kr 34.415.- Dette er eit svært godt resultat og på linje med tidlegare basarar |
![]() |
"Ricco-Vero pokalen" som er Olden IL sin stimulansepokal vart i år tildelt Sondre Guddal Muri. Han har i år vore ein av dei aller beste friidrettsutøverane i Sogn og Fjordane i si klasse (14 år). Særleg har han hevda seg godt i spydkast der han har det nest lengste kastet i fylket i år. Han har vore på krinslaget i friidrett og har hevda seg godt også i løp og hopp. Sondre Guddal Muri har og vore ein sentral spelar på smågutelaget i fotball til Loen/Olden som vart krinsmeisterar i år. Han har solid treningsframmøte og viser gode haldningar til idretten.
Gutelaget til Olden som i år vann Breimstafetten for fyrste gong, vart også heidra på scena med utdeling av blomster. |
| Sondre Guddal Muri. |
|
![]() |
Leiar i laget Leiv Arne Egset delte ut æresmedlemskap til Hans Petter Galtung. Han har vore ein profil i laget, og har utmerka seg både som aktiv, men kanskje mest som trenar og organisator i laget. Olden Idrettslag er heldige som har ein slik ressursperson i laget. Laget takkar basarkomiteen for godt gjennomført arrangement, og alle som gav gevinstar til basaren. |
| Hans Petter Galtung |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024


