Avslutningsfest for fotball/friidrett
Postet av Olden IL den 4. Nov 2007
Alle som hadde delteke på fotballen fekk utdelt ein flott statuett + drikkeflasker. Dei 7 gutane som vart krinsmeistrar i fotball i klasse 13-14 år vart gjort ekstra ære på.
I friidrett vart det delt ut pokalar for løpskarusellen og for lagsmeisterskapa innandørs og utandørs. I alt var 35 med på eitt løp eller meir i løpskarusellen. Dei 17 som var med på alle 3 løpa fekk ein ekstra stor pokal. Totalt var 27 utøvarar med på 1 eller 2 lagsmeisterskap.
Kari Tonning oppsummerte fotballsesongen og Hans-Petter Galtung friidrettssesongen. Begge understreka kor viktig det er å drive allsidig idrett når ein er unge og poengterte at ein gjennom friidretten får utvikla eigenskapar som også er svært viktige dersom ein ynskjer å bli gode i fotball. Hans-Petter meinte at friidrettssesongen 2007 har vore ein av dei aller beste når det gjeld den yngre garde i Olden IL si historie. Eitt av dei store høgdepunkta var gutelaget sin siger i Breimstafetten.
Leiar I Olden IL, Leiv Arne Egset, overleverte blomster til dei som har vore trenarar i fotball og friidrett.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024