Anders Muri imponerte stort under 2. dag av NCC-leikane
Postet av Olden IL den 9. Sep 2007
|
Dei to 14-åringane våre stod for svært gode prestasjonar også under 2. dag av NCC-leikane i Haugesund, som vart avvikla under langt betre vertilhøve enn det som var tilfelle på laurdag. Anders slo til med 2. plass både på 60m og i tresteg ! Sondre fekk 4. plass i spyd og debuterte på 1500m med ein 7. plass. |
Anders vann sitt forsøksheat på 60m med 7.94. I finalen vart det 2. plass med 7.78 i 1,1 m/sek.motvind. Dette var berre 7/100 bak landets beste 14-åring på 60m, Mathias Øverland frå Vegårdshei i Aust-Agder. Sjølv meiner Anders at dette var det beste løpet han har gjennomført nokon gong. Persen på 7.75 frå Lillehammer i juni vart sett i medvind
Kanskje like imponerande er Anders sitt tresteg-resultat. Her vart han etteranmeld og leia konkurransen heilt til siste omgang då Øverland gjekk forbi med resultatet 12.24. Anders sitt resultat, 11.86, er faktisk det 3. beste resultatet i Norge i år. Imponerande, særleg sett på bakgrunn av at dette var første gongen han prøvde seg i øvinga. Einaste treninga har vore at vi har brukt stille tresteg som spensttrening i gymsalen på Olden skule. Totalt enda då Anders opp med tre 2. plassar (60m, lengde og tresteg) og ein 4. plass (200m) på stemnet + 3. plass på stafetten. Det er ikkje lett å gå heilt til topps når ein må konkurrere med norges beste 14-åring i lengde,tresteg og på 60m.
Sondre Guddal Muri vart nr. 4 av 16 deltakarar i spyd. Resultatet 37.41 er kun ein god meter bak persen frå Byrkjelo i juni i år. Sondre prøvde seg og på 1500m for første gong. Her vart det 7. plass med tida 4.57.35 . Totalt sett på stemnet enda då Sondre opp med ein 4. plass, ein 5.plass og to 7.plassar. Flott innsats !
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024