To oldarar på krinslaget i friidrett
Postet av Olden IL den 28. Aug 2007
Dei to 14-åringane Sondre Guddal Muri og Anders Muri er tekne ut til å representere Sogn og Fjordane på NCC leikane i Haugesund 8-9. september. Regionleikane er ein lagkonkurranse i klasse 13-14 år mellom Sogn og Fjordane, Rogaland, Aust- og Vest-Agder og Hordaland. Den beste utøvaren frå kvar krins i kvar øving tel med i poengberekninga.
Anders og Sondre deltok på desse regionale ungdomsleikane i Haugesund også i fjor. Krinsen opplyser at ein del utøvarar i år er uttekne i øvingar dei har konkurrert lite i tidlegare, men håpar alle tek det sporty for å skaffe poeng i krinskampen.
Aktuelle øvingar : Anders : 60m, 200m og lengde + stafett. Sondre : 600m, 1500m, spyd og diskos + eventuelt stafett.
I fjor vart Anders nr. 2 på 60m og i lengde og nr. 6 på 200m. Sondre fekk sitt beste resultat i spyd med 6. plass. Sogn og Fjordane vart nr.2 i krinskampen etter Hordaland.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024