God deltaking i 2. løpet i løpskarusellen
Postet av Olden IL den 16. Mai 2007
Løp nr. 2 i løpskarusellen 2007 vart avvikla i joggeløypa ved Olden skule fredag 11. mai. alt 28 i alderen 6-14 år stilte opp. Dette var 5 fleire enn sist. Tidene vart noko svakare denne gongen m.a. p.g.a. ei mindre omlegging av løypa. 14-åringane som skulle spele fotballkamp same kveld sprang eit såkalla 0-løp. Her galdt det å springe to rundar så likt som mogleg utan å bruke klokke. Og fotballkampen ? Loen/Olden slo Vikane 9-0 på Loen stadion.
Elles var det svært gledeleg at også Oldedalen var representert med 3 deltakarar på dette løpet. Neste og siste løp er "Jakobsprinten" 23 mai. Då håpar vi på endå fleire deltakarar, særleg frå Oldedalen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024