Norgesstatistikken innandørs 2007
Postet av Olden IL den 4. Mai 2007
Tre utøvarar frå Olden har gode nok resultat til å kome med på denne statistikken som vert utarbeidd frå klasse 13 år og oppover.
Igjen er det 14-åringane våre som imponerer mest med m.a. 3 noteringar som er inne blant topp 3 på statistikken
Anders Muri er nr. 2 i Norge i stille lengde. Med resultatet 2.60 mangla han berre 1 cm på å toppe lista. Jens Christian Andenæs frå Fjellhug/Vereide har nemleg oppnådd 2.61. Vidare er Anders nr. 3 i lengde med tilløp med 5.47, nr. 7 på 60m med 8,05, nr. 9 i høgde u/tilløp med 1.20, nr. 20 i høgde m/tilløp med 1.40 og nr. 22 i kule (4 kg) med 8,78.
Ole Myklebust er nr. 3 i høgde u/tilløp med 1.26, kun 4 cm frå toppen av lista. Han er elles nr. 19 i lengde u/tilløp med resultatet 2.37
Sondre Guddal Muri er nr. 16 i høgde m/tilløp med 1.45, nr. 19 i kule (4kg) med 8.93, nr. 22 i lengde u/tilløp med 2.31 og nr. 27 i lengde m/tilløp med 4.80
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024