Oldestafetten 2007
Postet av Olden IL den 29. Apr 2007

Oldestafetten vart avvikla i eit fantastisk vårver søndag 29 april. Medrekna dei 6 laga i ministafetten var i alt 36 lag i aksjon i løypene.
Jølster imponerte også i år ved å vinne 3 klassar, gutar, jenter og senior herrer. Jølstra-gutane vann faktisk for 9. året på rad og sletta sin eigen løyperekord frå 2005 med 4/10 sek.
Men Olden var og med å setje sitt preg på stafetten. Særleg vart vi imponerte av gutane våre. 1 laget (Anders Muri, Asgeir Flåten, Johnny Myklebust, Anders Egset og Sondre Muri) vart nr. 2 på den svært gode tida 5.59.0. I den noverande løypa (brukt frå 2000) er det kun Jølster som har notert betre tid. Fjellhug/Vereide oppnådde elles også 5.59.0 i 2005.
Kanskje er det nettopp Olden som kan hindre Jølster sitt gutelag i å ta sin 10 siger på rad i 2008 ?
Olden 2 (Ole Myklebust, Harald Andre Galtung, Knut Alsaker, Kristian L. Gjerde og Are Tenden) sprang og veldig bra og vart nr. 5 av dei 11 startande laga.Tida 6.32 er den desidert beste Olden 2 nokon gong har oppnådd. Dette lovar svært godt framfor Breimstafetten komande søndag, ein stafett som går over 8 etappar.
Veteranane våre ( Joar Sunde, Roar Alsaker, Helge Hafsås, Einar Strand og Asbjørn Gjerde) tok sin 3 siger på rad og sikra seg dermed sin 2. vandrepokal til odel og eige.
Dette var Olden sin 6 siger i veteranklassa. Totalt sett er Olden no oppe i 12 topp-plasseringar i vår eigen stafett, 6 i veteran, 3 i senior og 3 i guteklassa.
Asbjørn Gjerde sprang i år sin 37. Oldestafett på rad. Han har vore med å vinne Oldestafetten heile 10 gongar. Ein imponerande prestasjon.
Jentelaget vårt ( Terese Tenden, Kristine Eide, Lillian Eide, Andrea Guddal Muri og Janne Alsaker) vart i år nr. 6 av 8 lag. Tida 7.41 var klart betre enn dei to siste åra, så også her er det framgang å spore.
Nytt av året var ei såkalla open klasse. Her stilte 4 lag til start i ein meir uhøgtidleg konkurranse. Løypa var den same som dame/veteranklassa nyttar. Bruvollsfamilien imponerte med å stille heile 3 lag. Neste år håpar vi at også lag frå andre bygder vil melde seg på i denne klassa som var eit fint innslag i ein elles tradisjonell stafett.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024