To nye KM-gull til Anders Muri
Postet av Olden IL den 22. Jan 2007
Totalt vart det 9 KM-medaljar til deltakarane frå Olden under KM i fridrett innandørs søndag 21 jan. i Førdehuset. Som vanleg var det 14-åringen Anders Muri som gjorde det aller best. Han vann 60m på 8.05 og lengde med 5.08. På 400m og i høgde vart det sølv. Alle resultata er personlege rekordar innandørs.
Men også dei andre oldarane hevda seg fint. 15-åringen Johnny Myklebust tok sølv i høgde og bronse på 400m. Therese Tenden i J13, tok sølv på 60m og i kule og bronse i lengde.
I rekruttklassa deltok Mona Myklebust. Ho fekk beste resultatet sitt i kule med ein fin 3. plass av 10 deltakarar.
Nokre av utøvarane våre, som heilt sikkert hadde hevda seg godt, var dessverre forhindra frå å delta. Men alt i alt ein god start på friidrettssesongen 2007.


Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024