Hafsås avslutta sesongen med stil
Postet av Olden IL den 30. Des 2006
4. juledag imponerte Helge med å vinne Ålesund Nyttårsmaraton på Moa for 4 gong på rad. Med tida 2.47.49 var han 7 min. føre nestemann i løpet. Sjølv om tida er langt bak hans eigen løyperekord, er det imponerande av Helge å springe ein maraton så pass raskt berre 18 dagar etter 24t.- løpet på Bislet.
Han har slete med etterverknadar etter dette løpet og det var lenge usikkert om han kunne stille i Ålesund. Men som vi alle veit, Helge er ein hardhaus og stilte likevel opp. Dermed avslutta han 2006-sesongen som han starta den i Bergen 28 januar, med siger på maraton.
Dette var Helge sin 14 maratonsiger i 2006. Han har dermed tangert sin eigen personlege rekord og noregsrekord frå i fjor i tal på maratonsigrar på eitt år.
Med dette forbetra han og sin eigen verdsrekord når det gjeld maratonsigrar totalt til 94.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025
Sakliste årsmøte Olden IL
07.03.2025
Innkalling til årsmøte 20.03.25 kl. 18:00
13.02.2025
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024